Skrevet av Solgun Styve mandag 03. oktober 2011 09:43
Det kjentes som om auditoriet på Åsane folkehøgskule romma heile verden laurdag 24 september!
Paul Olai-Olssen tok oss med på sine fantastiske reiseopplevingar med sykkel, kajakk eller som haikande til mange ulike plassar i verden: Færøyane eller Latin-Amerika, Egypt eller Island.
Vakre bilde og ei entusiastisk framføring som strutta av iver og energi gav elevflokken ei oppleving dei såg ut til å setje stor pris på.
Reisene vart skildra med humor, men og med eit alvor og engasjement som vitna om ei unik interesse og respekt for andre kulturar. Paul sin måte å tilnærma seg nye og ukjente kulturar kan vera eit godt utgangspunkt og ein motivasjon når dei ulike klassane på skulen skal ut i verden på sine ulike studieturar til våren!
| < > Mai | ||||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| Ma | Ti | On | To | Fr | Lø | Sø |
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | |
| 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 |
| 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 |
| 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 |
| 28 | 29 | 30 | 31 | |||
| Apr 26 | Avreisedag |
| mai 01 | Offentlig fridag |
| mai 02 | Premiere teater |
| mai 05 | Lørdagsseminar på Sætregården |
| mai 07 | Rydde- og pakkedager |
| mai 10 | Avslutningstur |
| mai 12 | Avslutningsfest |
| mai 13 | Siste skoledag / Avreise |