Skrevet av Solgun Styve søndag 10. april 2011 00:00
Søndag 10. april, e-post
Me opplever mykje, og Cuba er veldig spesielt. Har nettopp gått tur på stranda og sett på det vakre blåturkise havet, palmane og solnedgangen. Det er lørdagskveld og Cubanarane er i fyr og flamme. Dei tar veldig kontakt og vil gjerne snakke.
Ellers so er det mykje musikk og dans og gamle staselige bilar inimellom slitte restar av gamle ærværdige bygg. Kan ikkje samanliknast med noko anna eg har sett.
Besøkte cigarfabrikk i dag! Der var det IKKJE snakk om 
maskiner eller andre moderne innretningar. 700 ansatte, alle godt opplært på sitt område. Pakkar, rullar rensar eller prøvesmakar cigarar. Ein ansatt les høgt i avisa til dei andre arbeidarane kvar formiddag, og om ettermiddagen er det høgtlesing frå bøker! Nesten like triveleg som å jobbe på Åsane folkehøgskule!! Men heldigvis litt mindre tobakslukt på vår skule. Guiden vår var ei fasinerande og bestemt, men flink og hyggeleg negresse som geleida oss rundt med den eine handa og røykte cigar med den andre, so du skjønnar nok at me har det bra.
Men, me blir nok glad for å koma heim att og no, heile gjengen!
Abrazos de la clase de latinamerikana
Mandag 4. april, e-post
Halloen!!!!
No er me tilbake i sivelisasjonen her i Mexico city. Har vore nesten til Guatemala, båttur ved grensa, og fottur i jungelen. Sett apekattar og snakka med Lacandonar, og hatt møte med Zapatistar!
Me reiste over 12 timar med nattbuss i natt, fra Palenque til Mexico city. Denne natta overnattar me på hotell her, og i morgo tidleg går turen vidare til Cuba!! Håpar Castro inviterer på is og kaffi. Det går fint med gjengen, men enkelte har vore sliten av varmen. Me gleder oss no til å slappe litt av på stranda. Visst me klarer å roa oss ned!
Gode solklemmar frå Mexico og snart frå Cuba.
Onsdag 30. mars, e-post
I morgo tidleg forlet me hotellet her i San Christobal. Då skal me ut på landsbygda og besøke ein flyktningeleir for folk som har vore utsatt for overgrep. Drive av ein organinasjon - Abejas. Me skal ha møte med dei der oppe kl.10.Seinare på dagen hentar me bagasjen vår her på hotellet og tar buss vidare til Palenque. Grytidleg neste morgon reiser me inni Lacandonjungelen, heilt mot grensa til Guatemala. Her skal me besøke Lacandonane ei natt, sjå fleire pyramidar (Bomampak), dra på båttur på elva og gå på tur i regnskogen. Då er det nok ikkje mulig å få kontakt med oss verken på mobil eller e-mail.
Det går fortsatt bra med alle. I dag har me hatt to ulike opplegg. Signe har vore med ei gruppe på ridetur, og eg har vore på sykkeltur til flotte grotter. Det er enkelte romper som er litt støle !!
Gode helsingar til kjente og kjære.
Abrazos Solgun

Mandag 28. mars, e-post
Hallaien igjen!! Håpar det går bra med dekan i gamlelandet, og at alt er vel på Åsane folkehøgskole. Klem og helsingar til alle!!
No bur me i San Christobal i Chiapas. Flott by, vakre fargar og eit fargerikt fellesskap med masse urfolk i flotte drakter rundt oss på alle kantar. Me har besøkt urfolkssamfunn både i chamulla og Zincantan. Sett håndtverk, veving brodering lærarbeid mm, og sett og smaka nylagde tortillas laga på grue. Kyrkja i Chamulla, og etterkommarane av mayaindianarane sin måte å dyrka sin religion og sine skikkar på er nesten uvirkeleg for oss, og utruleg interessant å oppleve.
Me kosar oss veldig, har fellesmiddagar og gode samtalar. So på tross av litt magesmåting og hoste, og at me blir trøtt om kveldane etter dagens opplegg og inntrykk, så er det flott stemning i gruppa. Det har og vore muligheitar for salsakurs og dansing for dei som har hatt lyst og kapasitet til dette, og det blir nok fleire anledningar framover!!
Skal helsa frå heile gjengen til vener, familie og kjente i Norge. Vive Mexico!!
Abrazos Solgun
Torsdag 24. mars, epost:
Hallaien... Er i Mazunte. Paradis på jord, det er alle enige om. Såg solnedgangen i går frå kaktushøgde. Spirituelt sentrum seies det! På båttur i dag med lokale fiskarar. Tidleg start, store bølger på Stillehavet.
Me hadde nærkontakt med hvalhai, stim med rokker som flaug, flotte kvalar som slo med halen rett ved sida av båten!! Og vi bada med havskilpadder. Magisk. I tillegg til den fantastisk vakre naturen som omgir oss her. I morgo skal me på krokodillesafari. Alle kosar seg og har det bra. Mange får tøyd litt grense, men me er einige om at det er heilt greit. Kakkerlakkar på eit av romma skapte litt småpanikk i går kveld, men det er over no. Reiservidare med nattbuss seint fredag lokal tid. Då står San Christobal for tur.
Muchos abrazoz Solgun
Mandag 21. mars, e-post:
I dag har me hatt ein lang og VELDIG innholdsrik dag. Den kan nesten ikkje beskrivast med ord...... Sol og maanepyramidane den 21 mars er intenst mange folk, men me har faatt delta paa indianske ritual i mengdevis. Temaskal, dansing ,me har faatt servert baaade frokost og middag av familien "vaar". Stemningen i gruppa vaar er super ,og me opplever so mykje att vi snart treng aa roa oss ned ved stillehavet og sortere inntrykk. i dag sto me opp kl.halv 5 og er nettopp tilbake no kl.halv aatte om kvelden. No pakkar me sekken og tar buss til Oaxaca i morgo tidleg. Gode helsingar til fam. og venner i Norge.
Abrazos Solgun
Søndag 20. mars, sms:
Hilsen fra Mexico.;)
Her har vi det flott med strålende vær og store oplevelser. Indianer folkloredans, kanaltur med lunsj, shopping og et yrende storbyliv i Mexico City. Ubeskrivelig!
Klemmer fra Signe
Fredag 18. mars, e-post:
Hei og haa!!!
Me er no vel framme paa hotel Meropole. Etter ein lang reisedag er me no i ferd med aa vaakne opp til sol og sommar, ein delikat frokostbuffet og ein forhaapentlegvis spennande dag paa Zokaloen, latinotaarnet, Templo Mayor, nasjonalpalasset osv. God stemning i flokken. Sjolv om nokon er troette, og andre ikkje heilt klarer aa sove meir no paa morgonkvisten. Me sender vaare beste helsingar til alle kjente i Norge!!!
Solgun
| < > Mai | ||||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| Ma | Ti | On | To | Fr | Lø | Sø |
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | |
| 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 |
| 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 |
| 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 |
| 28 | 29 | 30 | 31 | |||
| Apr 26 | Avreisedag |
| mai 01 | Offentlig fridag |
| mai 02 | Premiere teater |
| mai 05 | Lørdagsseminar på Sætregården |
| mai 07 | Rydde- og pakkedager |
| mai 10 | Avslutningstur |
| mai 12 | Avslutningsfest |
| mai 13 | Siste skoledag / Avreise |