Skrevet av Solgun Styve torsdag 02. desember 2010 10:31
Den etterkvart godt innarbeidde strikkekafeen til Åsane folkehøgskule skal vera eit tilbod til strikkeinteresserte bygdefolk, elevar, tidlegare elevar, og det viser seg og at mange køyrer langt for å få med seg enkelte av desse kveldane.

Mangt og mykje har vore tema for desse kveldane, og god stemning er blitt eit av varemerka. Men tysdag 23. november skilte seg ut frå dei tidlegare kveldane. Ikkje fordi den gode stemninga mangla, tvert imot, men denne kvelden var det arkeologar som lærte ifrå seg teknikkar.
Med støtt
e frå Arna og Åsane kulturkontor hadde me leigd inn Janicke Larsen og Espen Kutschera frå Bymuseet i Bergen til å lære oss den 10.000 år gamle teknikken nålebinding. Her vert både strikking og hekling for nymotens fenomen å rekna! Det er funne restar av huer, vottar, pulsvarmarar og vesker i denne teknikken, i tillegg til nåler av tre eller bein.
Lærarane våre var svært gode og entusiastiske formidlarar, og med tilsvarande entusiastiske og ivrige elevar, fekk me raskt resultat. Det gjenstår no å sjå om me klarer å utvikle dette håndtverket når me blir utan hjelp frå kyndige veiledarar.
Kanskje me får sjå resultat alt neste strikkekafe?? Det vil vise seg uti januar.
| < > Mai | ||||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| Ma | Ti | On | To | Fr | Lø | Sø |
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | |
| 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 |
| 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 |
| 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 |
| 28 | 29 | 30 | 31 | |||
| Apr 26 | Avreisedag |
| mai 01 | Offentlig fridag |
| mai 02 | Premiere teater |
| mai 05 | Lørdagsseminar på Sætregården |
| mai 07 | Rydde- og pakkedager |
| mai 10 | Avslutningstur |
| mai 12 | Avslutningsfest |
| mai 13 | Siste skoledag / Avreise |