Forsiden » Teaterlinje » Studietur

Teater -linjen på Studiereise

Scenekunst -linjen på studiereise i London
Etter ei veke med mykje volleyball og paradise hotel pakka scenekunst og musikk-vokal klassa koffertane sine den 26 april, torsdag og gjorde seg klare for avreise til London. Stemninga i minibussen var god på vei til Flesland. Og etter omlag 4 timar var vi framme, da fekk vi utdelt tog billett og tubecard. Desse skulle ta oss til Queensway, og Bayswater inn Hotel, som skulle vere vår base ei veke framover. Queensway viste seg og vere ei livleg gate med mange «jalla» souvernir butikkar. Og hotellet låg sentralt med grei standard, bare litt problematiske dusjar som kravde litt tilvendingstid.

Allereie fredag begynte det tette programmet, for musikk-vokal blei det kirkekor konsert med handplukka sangera. Scenekunst var på  Shakespeare museum og fekk omvisning på ”The Globe” etterfølgt av en workshop med skodespelaren Mike.  Og om kvelden såg vi alle samla musikalen «We will rock you», som var til minne om storhetstida til Queen.

Neste dag hadde vi til å disponere til det vi sjølv ville gjere. Da blei det sightseeing på mange, mens dei fleste tilbringa dagen på Primark der det blei hamstra inn mykje for lite pengar!

Søndag vakna vi til sol og rundt 15 grader, da blei det ein koseleg gå tur for begge klassene i Hyde Park og frukost ved fontena. Nokon av oss hadde også tatt turen til Camden Market for å handle. Til kvelden igjen delte klassene seg og gjekk kvar til sitt. Klassa til Thorbjørn tok tuben eit godt stykke utanfor sentrum og hadde høge forventninga til det som blei sagt å vere eit jazzkor som haldt eit høgt nivå. Det viste seg og bli ein litt anna konsert enn forventa. For på det som møtte klassa på det lokale samfunnshuset var rundt førti damer på seksti pluss og eit lite kor med personar på førti pluss. Det var rett og slett som å vere på allsong på aldersheimen. Så det kan vel seiast at vi fekk oppleve to vidt forskjellige konserter på denne turen. Catos klasse reiste til Piccadilly Circus der dei tilbringa kvelden på ”ComedyStore”. Det var 6 skodespelarar som improvisera ut frå kva publikum kom med forslag om. Det var svært morosamt.
 
Måndags morgon delte vi oss klasse vis nok eingong. Scenekunst drog tidleg til BBC der dei fekk omvisning i dei forskjellige studioa, avdeling for nyheitar og metrologisk institutt. Nokon fekk prøva seg som nyheitsopplesar og fekk bli med i quizshow. Den andre klassa drog til teater museet. Her såg vi blant anna garderoben til Kylie Minouge frå hennes Show Girl tour 2007. Etter museumsturen, farta de fleste av oss litt hit og dit, og var turistar. Rundt sju tida møttes vi igjen for å ta tuben samla for å sjå Chicago, dette var en musikal mange av oss hadde høge forventningar til etter å ha sett filmen. Med nokon blei desse innfridd, med andre ikkje.

Den nest siste dagen drog scenekunst klassen til ”London Dungeon” for å bli skremt. Her vart dei teken med tilbake i historia då blant anna Jack the Ripper og Sweeney Todd levde. Tilslutt ble dei ”hengt”.  Musikk-vokal fekk omvisning på The Royal Opera House. På omvisninga fekk vi vite ein god del om Englands teaterhistorie, og fekk sjå kostymelageret og profesjonelle dansarar som øvde på settet. Nok ein kveld skulle vi sjå en musikal. Denne kvelden var det «Jersey Boys» som stod for tur, som vart satt opp dette året. Den handla om bandet «The Four Season» og grunnlegginga, suksessen og splitting av bandet. Og ein kunne under denne forstillinga sjå at det rykka i danse foten til den eldre delen av publikum som sikkert mimra tilbake til yngre tider.

Siste dagen var det fult program frå morgon til kveld, vi hadde ei tidleg forestilling som begynte klokka to «Lion King». I dette stykket var det fantastiske kostymer og kulisser, og ei utruleg imponerande opnings scene. Før vi skulle stad å sjå «Phantom of the Opera» blei det siste måltid samla klassevis, Catos klasse åt på ein typisk engelsk resturant med god mat særleg hamburgaren ”BigBen”. Thorbjørns klasse kom over den Indiske Brasserie inne i ei side gate. Der var det sterke saker på menyen, mildt på menyen var uvandt sterkt for sarte nordmenn, og verst var det for dei som hadde overvurdert seg sjølv med å bestille medium. Siste kveld, og siste musikal «Phantom of the Opera», eit stykke som tok oss til Paris og tilbake til 1800 talets teater. Ei forestilling med fantastiske song prestasjonar, og iscenesetting. Og avslutninga av kvelden blei ekstra god da vi tok dobbel dekkaren tilbake. Begge klassene hadde en kjekk tur saman, og har mange gode minner frå turen.  

Kalender

< > Juli
Ma Ti On To Fr
      1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31  

juli

Jun 26 Kultursommerleir
Jul 25 Blått Kurs
Laster...
 
barcode