Skrevet av Katrine Engen og Martine Holsæter tirsdag 04. mai 2010 09:17
Den siste dagen vår i familien var ein sjebnesvanger dag for Sirisanda bakery.
Dette var nemleg dagen då me skulle prøve oss på hurtigbaking. Med våre tidlegare erfaringar, som tilsvarar null, var ikkje dette ein særs stor suksess.
Faren vår eigde eit av dei største bakeria i området der me budde og me fekk difor vera med på bakeprossesen ein dag. Dette viste seg å ikkje vera so enkelt so ein skulle tru. Me fekk prøve oss på både syltetøybolla, krokodillebolla, vanlege bolla, kjeks og loff.
LUFTLOMMER
Deigen til alle bolletypane var ferdig oppdelt og låg klare til å verta knadd. Læremestaren vår tok ein bit av deigen og knadde den litt hit og dit, og vips så var det ein loff. Me tenkte at dette kunne ikkje vere så vanskeleg og tok til, så feil kan ein ta. Etter noko som kjendest ut som ein evig kamp mot luftlommene i loffen, hadde me produsert om lag 50 loff. Måten dei såg på oss og smilte avslørte at me kanskje ikkje var so flinke som me sjølv trudde. Spenninga rundt kor mange klager dei ville få den dagen var til å ta og føle på.

MEIR ENN NOK
For tort og svie som me la på dei, følte me at me måtte gjera det godt att på eit eller anna vis. Difor bestemte me oss for å bestilla bolla, i alle forma og fasonga, som me skulle dela med resten av klassen. Grunna prisforskjellar mellom Sri Lanka og Noreg vart det nokre få forviklingar. Me bestilte eit vist antal bolla og gav dei 1000 rupis som tilsvarar mellom 50 og 60 norske kroner. ”Dette burde holda” sa me til kvarandre. Det visste seg å vera nok, i masse vis. Me ente opp med to stappfulle posar med ulike bollar, som var om lag det dobbelte av det me hadde bestilt. Så då var me klare for å møte resten av gjengen i Nuwara Eliya, med eit lass av bollar på slep. Etter to dagar i Nuwara Eliya var bollane turre og gode, så me bestemte oss for å legga dei att på hotellet. Dette oppdaga sjølvsagt den snille resepsjonisten og kom springande etter oss med dei.
MYSTERIET
Me fortsatte å dela ut bollane til dei som ville ha, men alle veit at tre dagar gamle bollar ikkje e kjekt å dele ut eller å eta. Bollane vart etterkvart liggande under bagasjen vår i bussen. Tiden for å forlata det herlege landet kom så alt for fort, så dersom ingen har ete bollane enno, ligge dei nok framleis i bussen og ventar, og ventar og ventar.
| < > September | ||||||
|---|---|---|---|---|---|---|
| Ma | Ti | On | To | Fr | Lø | Sø |
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 | 30 | |||
| Sep 04 | Dugnadselevkveld |
| Sep 10 | Kulturutflukt. |
| Sep 11 | Lørdagsseminar / Bergensseminar |
| Sep 18 | Lørdagsfri Korkurs |
| Sep 23 | Kulturutflukt |
| Sep 24 | Linjekveld. |
| Sep 25 | Lørdagsseminar / utflukt. |