Forsiden » Nyhetsarkiv » U-landslinjen på Sri Lanka

U-landslinjen på Sri Lanka

Skrevet av Silje Karin Vatnamot Åberge tirsdag 21. april 2009 12:07

Etter om lag eit døgn på reise, landa me frå ISA-klassen endeleg på den frodige øya som ofte blir kalla ”Indias tåre” – nemleg Sri Lanka.

 
Dei første dagane av studieturen vår, tilbringa me i kystbyen Negombo. Å kome rett frå snø og kulde, til sol og varme, med 4,5 timars døgnforskjell, kravde litt avklimatisering for alle og ein kvar. Me brukte først og fremst dagane til soling, bading og avslapping. Me reiste òg for å kjøpe det nasjonale klesplagget som dekker kvinnekroppens kne og skuldrer, nemleg shalwaen. Bjarte var ein tolvmodig veske-, sekk- og kamerapassar, medan me jentene prøvde shalwa etter shalwa etter shalwa … Det var ei stor utfordring å finne noko som passa, såg fint ut og som i tillegg ikkje var altfor dyrt. Etter eit par timar i butikken, og ein særs god dag på jobben for butikkeigarane, hadde me klart å skaffe oss to shalwaer kvar, som mellom anna skule brukast under opninga av Ungdomssenteret.
 
Ungdomssenteret i Negombo er sjølve prosjektet vårt, som me har samla inn pengar til gjennom dugnadar og innsamlingsaksjonar i løpet av skuleåret. Det var stas å få vere med å opne byggjetrinn nr 2, og brukarane av ungdomssenteret hadde stelt i stand ein stor fest for oss, med pynt, mat, underhaldning og talar.
 
Etter fire dagar med avklimatisering og opning av Ungdomssenteret, kom den store spenninga på studieturen. Med sommarfuglar i magen, forlét me kvarandre, og møtte på våre nye lokale vertsfamiliar, som me skulle leve saman med i om lag to veker. Me budde saman i par. På kvar våre kantar av landet, jobba me på ulike FORUT-prosjekt, og me blei tvunge til å førehalde oss til menneske med ein heilt annan kultur, som ikkje ein gong snakka eit ord engelsk. Dette var ei stor utfordring. Me har alle svært ulike og individuelle opplevingar frå dette opphaldet, men me er samde om at det har vore ei sterk og lærerik oppleving, som me aldri vil gløyme. Og det beste av alt er at me meistra det! Me klarte oss på eigenhand ute i den store verda.
 
Etter at to veker med mange sterke opplevingar var over, møttes heile klassen igjen. Munnane snakka nærast om kapp – så mykje hadde alle å fortelje frå opphalda sine! Kjelder, som ønskjer å vere anonyme, kunne mellom anna fortelje at ein viss person i klassen hadde krydra peanøttene sine med eit ”krydder” som gjer at varene held seg lenger. Det enda med oppkast og mykje latter frå oss andre.
 
Den siste veka av turen, då heile klassen var samla, reiste me rundt med ein luksuriøs minibuss som til og med hadde aircondition! Me sov på flotte hotell og levde som turistar. Me merka ein stor kontrast mellom å bu på Sri Lanka og besøke Sri Lanka som turist. Sjølv om saknet etter våre kjære vertsfamiliar og srilankiske vener var sterkt, kosa me oss saman. Me var på ”cruise” og skogstur i Nuwara Eliya, besøkte ein tefabrikk, var innom buddhistanes Mekka – nemleg Temple of the Tooth, Kandy Dancing, Sigriya, elefantriding, og sjølvsagt fekk me feira Ketils bursdag. Sigriya var omsverma av hissige bier, så det var berre tillete å gå halve turen opp. Me let det vere, og køyrde heller rundt og tok bilete på avstand.
 
Dette er kort fortalt det fysiske me har opplevd på studieturen vår. Ved eit så sterkt møte med ein framand kultur, er det klart at det psykiske har verkar mykje sterkare inn. Det har både vore tårevått og lattermildt. Me frå ISA-klassen er einige om at dette har vore ein fantastisk tur, og det vil me takke våre kjære lærarar, Siri og Ketil, for! 

Kalender

< > September
Ma Ti On To Fr
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30      
Laster...
 
barcode